Ber om ekstra studieår for vanskelege språkfag
Der minner dei også departementet om at Humaniora-meldinga mellom anna lova at det skulle vera mogleg å utvida bachelorstudiet med eitt år for dei som ville velja vanskelege språkfag. UiO ber derfor regjeringa fylgja opp denne lovnaden ved å gi universitetet høvet til å tilby eit fire år langt bachelorstudium i arabisk, japansk og kinesisk.
Glede
I brevet uttrykkjer også rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen stor glede over at regjeringa har gitt ei startløyving til bygginga av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy og at arbeidet med livsvitskapsbygget er godt i gang etter tidlegare startløyving som no blir fylgt opp med ei ordinær årleg løyving over statsbudsjettet til byggjearbeidet er ferdig. No er det planane om å få bygd nye klinikkar for Det odontologiske fakultetet i Gaustadalleen som er neste byggjeprosjekt ut. I brevet vert det uttrykt håp om at dette kan koma i gang i samband med at det blir oppretta fleire studieplassar på medisin. Nytt veksthus og klimasenter på Tøyen er det fjerde store byggjeprosjektet til UiO, og det andre som enno ikkje er starta opp.
Uroa over spesialistutdanninga for tannlegar
Rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen er samtidig svært uroa over situasjonen til spesialistkandidatutdanninga på Det odontologiske fakultetet. Dei viser til at i forslaget til statsbudsjett for 2020 går det fram at Helse- og omsorgsdepartementet er bede om å justera ned tilskotssummen for kvar spesialistkandidat frå 2020. Heilt sidan 2003 har departementet finansiert delar av spesialistutdanning av tannlegar på universiteta gjennom tilskot gjennom Helsedirektoratet. Dei meiner at dette er svært urovekkjande for kvaliteten på grunnutdanninga av tannlegar. Dei ber Kunnskapsdepartementet vera særleg m