Uniforum
10.09.2019
Ragnhild Hennum og Trine-Lise Wilhelmsen stiller som dekankandidatar ved Det juridiske fakultetet. Det er truleg både første gong det blir eit reelt dekanval og første gong ei kvinne blir vald som jusdekan.
Jusprofessorane Ragnhild Helene Hennum og Trine-Lise Wilhelmsen har begge sagt ja til å stilla mot kvarandre i dekanvalet ved Det juridiske fakultetet denne hausten. Det stadfestar begge to overfor Uniforum. Ragnhild Hennum er professor ved Institutt for offentleg rett, og har fartstid som tidlegare rektor Ole Petter Ottersens prorektor frå 2014 til 2017. Trine-Lise Wilhelmsen er professor ved Nordisk institutt for sjørett.
Les mer- Erfaring både sentralt og lokalt
Ragnhild Hennum er sikker på at ho har mykje å gi som dekan. - Eg har lyst til å vera med i vi