Uniforum
06.09.2019
Frå klokka 8.30 i dag til langt ut på ettermiddagen feira UiO 20-årsjubileet til Georg Sverdrups hus på Blindern
Dagen begynte med utdelinga av frukost til studentar og andre morgonsvoltne svært tidleg på dagen. UiO-rektor Svein Stølen var ein av dei som stod bak disken og tilbaud frukt og brødskiver med kaffi. Han hadde selskap av fleire av dei tilsette ved HumSam-biblioteket, mellom anna den nye leiaren Cecilia Ekström. Maten blei heilt borte etter ein halv time.
Les merFRUKOST: UiO-rektor Svein Stølen fekk hjelp frå Cecilia Ekström, Elin H. Frøshaug, Lars Lørdahl og Runhild Seim frå HumSam-biblioteket til å dela ut frukost til studentar.
Dit kom også leiar for Realfagsbiblioteket, og inntil nyleg fungerande leiar for HumSam-biblioteket, Live Rasmussen i prat med den ferske fakultetsdirektøren ved Det teologiske fakultetet, T