Det fortalde Sveriges utanriksminister Margot Walstróm eit fullsett auditorium 1 i Eilert Sundts hus då ho besøkte Universitetet i Oslo i formiddag. Ho blei tatt imot og helsa velkomen av rektor Svein Stølen som gav honnør til Programutvalget for internasjonale studier ved SV-fakultetet som hadde invitert til møtet der Margot Walström skulle fortelja om kva som låg i omgrepet feministisk utanrikspolitikk. Medarrangørar var Institutt for statsvitskap og Sveriges ambassade.
I diplomatisk krise med Saudi-Arabia
I 2015 hamna Sveriges regjering og utanriksminister Margot Wallström i ein diplomatisk konflikt med Saudi-Arabia fordi ho hadde kritisert landet for både å bryta menneskerettane og kvinnerettane. Regjeringa hadde også sagt opp ein avtale om sal av svenske våpen til Saudi-Arabia. På spørsmål frå Uniforum om korleis det var å stå midt i stormen den gongen, kom ho med eit langt og grundig svar.
- Det var tøft å stå midt i det, det vedgår eg. Men det var verdt det. Saudi-Arabia trug