- Ein person som har ei mellombels stilling på eit universitet, vil helst ikkje skapa bråk. Kanskje kan det også vera vanskeleg å sjå ein kollega som ein sånn person som valdtar. Og derfor melder dei kanskje ikkje frå til politiet.
Det seier doktorgradsstudent Maria Hansen ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking på UiO. Ho skriv ei doktoravhandling i kriminologi om fyllesex på godt og vondt og forholdet mellom grensesetting og samtykke til sex i fylla.
Maria Hansen har nyleg avslutta eit forskingsprosjekt om partnarvald og tidlegare har ho skrive om kvinner som ikkje har meldt valdtekter til politiet.
Ei kartlegging som analysebyrået Ipsos nyleg har gjort på oppdrag frå fleire norske universitet viser at 18 personar rapporterer at dei har vore utsette for valdtekter og 299 av dei meinte dei har vore utsette for seksuell trakassering. Seks av tilfella av valdtekt kjem frå Universitetet i Oslo. Verken dei seks eller nokon av dei andre tilfella er melde til politiet.
Maria Hansen seier at det ikkje er overraskande at det so