Uniforum
03.09.2019
UiO får fem av dei sju europeiske toppstipenda ERC Starting Grants som er tildelt yngre forskarar ved norske universitet. Ingrid Lossius Falkum er ein av dei fem som får det prestisjetunge forskingsstipendet.
No klokka 12.00 blei det kjent at Universitetet i Oslo får fem av dei sju europeiske toppstipenda ERC Starting Grants som er tildelt yngre forskarar i Noreg. Alle dei fem UiO-forskarane tilhøyrer Det humanistiske og samfunnvitskaplege fagmiljøet og tre av dei fem er kvinner.
Les merRektor Svein Stølen er svært nøgd:
- ERC-tildelingane handlar om kvalitet og viser at UiO har mange yngre forskere i forskingstoppen i Europa. Det handlar om kvalitet og viser at UiO er gode. Og det er veldig viktig at med deltar på Europa-arenaen, slår han fast. Stølen viser til at det ikkje er første gong gjer det så godt under tildelinga av stipenda frå ERC (Det europeiske forskingsrådet). - I fjor fekk med seks Starting Grants og då kom UiO på tiandeplass av dei europeiske universiteta som fekk desse stipenda. Dette viser at me har gode yngre fagfolk som me skal byggja framtida vår på, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.
Både Det humanistiske fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet f�