Natur & miljø
15.06.2016
Det redaksjonelle oppslaget «Alene i kampen for det urørte» i Naturvernforbundets magasin Natur og miljø nr. 1-2016, kan ikkje stå uimotsagt.
Artikkelen omhandlar torfinn sanden i Naturvernforbundet i telemark sin kamp for å hindre konsesjon for utbygging av småkraftverk i den verna Kilåi i Kilegrend i fyresdal. Hans historie handlar om frå torfinns side påstandar om noko så alvorleg som misbruk av makt, tette band og nettverk, som det står i ingressen til artikkelen.
torfinn hevdar sitt rettmessige syn på vegne av den organisasjonen han representerar, Naturvernforbundet i telemark. Det skal han sjølvsagt bli respektert for. Det skal også NVe for konklusjonen sin om at det ikkje burde gjevast konsesjon for bygging av det planlagte småkraftverket i Kilåi, som blir kalla eit urørt vassdrag, og derfor er verna.
men Kilåi er ikkje så jomfrueleg som motstandarar vil ha det til. tidlegare var Kilåi ei tømmerfløytingselv med dammar og regulerte vatn. Nedre delen har til og med vore utnytta til vasskraftproduksjon. Denne bruken sett sitt preg på vassdragsnaturen og landskapet her i dag, rett nok på ei