Bok og bibliotek
07.02.2019
Haram folkebibliotek har flytta inn i nye midlartidige lokale i Brattvåg. Interiøret inneheld blant anna avkapp frå skipsdekk og kabeltromblar. Ønsket var å få til eit bibliotek som viste fram den lokale identiteten og industrisamfunnet i bygda.
Sjølvgjort
I biblioteket i Brattvåg har personalet sjølve gjort mesteparten av arbeidet med interiøret. Veggane vart måla i mørke duse fargar som gir lokalet eit roleg preg. Hyllene er dei gamle, falma og av fleire årgangar. Ved å nytte «søppel» frå industrien og slik skape ein avslappa og rustikk stil, skil ikkje lenger hyllene seg negativt ut. Ein møbelsnekkar hjalp oss å nytte metalldelane frå skipsverftet og pallekarmar til nye hyller, utstilling og bildebokkasser. Materialkostnaden var om lag null. Arbeidsklede frå lokale bedrifter har blitt til puter i pallesofaen. Lysekrona over sofaen er eit kopparrøyr, omkransa av sveisegasstråder. Flyttinga har sørga for blest kring biblioteket, og utlånet og besøkstala går oppover. Ein treng ikkje eit nybygg for å få til denne auken. Kreativiteten er valutaen.
Frå loftet til gatenivå
Lokalet vårt var på eit loft i kjøpesenteret i over 20 år. Folk måtte opp ei trong trapp og utstillinga viste ikkje utanfrå. No er vi på bakkeplan med vindauge i heile fronten, og folk stikk innom fordi det ser koseleg ut. Mange trur at lokalet er større, og fleire har kommentert at vi har mykje bøker. San
Gå til medietI biblioteket i Brattvåg har personalet sjølve gjort mesteparten av arbeidet med interiøret. Veggane vart måla i mørke duse fargar som gir lokalet eit roleg preg. Hyllene er dei gamle, falma og av fleire årgangar. Ved å nytte «søppel» frå industrien og slik skape ein avslappa og rustikk stil, skil ikkje lenger hyllene seg negativt ut. Ein møbelsnekkar hjalp oss å nytte metalldelane frå skipsverftet og pallekarmar til nye hyller, utstilling og bildebokkasser. Materialkostnaden var om lag null. Arbeidsklede frå lokale bedrifter har blitt til puter i pallesofaen. Lysekrona over sofaen er eit kopparrøyr, omkransa av sveisegasstråder. Flyttinga har sørga for blest kring biblioteket, og utlånet og besøkstala går oppover. Ein treng ikkje eit nybygg for å få til denne auken. Kreativiteten er valutaen.
Frå loftet til gatenivå
Lokalet vårt var på eit loft i kjøpesenteret i over 20 år. Folk måtte opp ei trong trapp og utstillinga viste ikkje utanfrå. No er vi på bakkeplan med vindauge i heile fronten, og folk stikk innom fordi det ser koseleg ut. Mange trur at lokalet er større, og fleire har kommentert at vi har mykje bøker. San


































































































