Norsk studentorganisasjon meiner kuttet på 256 millionar kroner vil få store konsekvensar. I dag får studentar omgjort inntil 40 prosent av studielånet til stipend etter kvart som dei skaffar seg studiepoeng. Regjeringa føreslår å kutta dette til 25 prosent, medan dei resterande 15 prosenta berre skal gjevast ved fullført grad og då berre for studiepoeng som inngår i graden. Resultatet av det vil bli at studentar som byter studium undervegs, tar årsstudium eller enkeltemne i tillegg til graden, vil få høgare gjeld.
Det er dette studentane protesterte mot i dag. På Universitetsplassen i Oslo samla rundt 300 studentar seg å for å høyra appell frå leiaren for Norsk studentorganisasjon, Håkon Randgaard Mikalsen.
- Styrk studiestøtta
- Styrk studiestøtta slik at me kan studera på heiltid i staden for å måtta jobba deltid. H

































































































