Pihl åtvarar mot at biblioteket ender med å bli ei forlenging av klasserommet. Korleis bibliotekaren skal balansere mellom det å bidra til lystlesing samstundes som dei skal jobbe systematisk mot læreplanar, jobbe fageleg og pedagogisk, er blir ikkje diskutert. På bibliotekmøtet, i mars, sa Pihl at spesielt pedagogane treng grunngjevingar som er forankra i vitskaplege studiar. Då blir det litt uklart kvifor Pihl gjentekne gongar viser til 'internasjonal/nasjonal forsking' utan å referere til konkret studiar. Til dømes vert det på side 33 fremja ein påstand om at internasjonal forsking viser at samarbeid mellom lærar og bibliotekar aukar læringsutbytte. Seinare vert det hevda at samarbeid med folkebiblioteket styrker leselyst og læring. Held då argumenta som bevis for pedagogar og rektorar?
Rett etter utgjevinga gjekk det ein diskusjon på Facebook-gruppa til skulebibliotekarar i ungdomsskule og vidaregåande skule om nedskjeringar. For at bibliotekar


































































































