Debatten går med jamne mellomrom i det offentlege ordskiftet, gjerne i forlenging av den meir generelle debatten om det høge sjukefråværet her til lands: Kva er årsakene til kjønnsgapet i sjukefråværet? Noreg har nemleg ein stor kjønnsforskjell når ein ser på fråværet. Meir presist: I det legemelde sjukefråværet. Kvinner har i overkant av 70 prosent høgare legemeldt sjukefråvær enn det menn har, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
Kjønnsforskjellen i sjukefråværet blir verande i stor grad ei gåte.
Trass i at kjønnsforskjellen har blitt forska på i fleire tiår, så veit vi overraskande lite om kva faktorar som bidreg til fenomenet. Ein ny norsk studie konkluderer med at haldningar og normer for sjukefråvær ikkje kan vere forklaringa.
Ei uløyst gåte
Tidlegare forsking har fokusert på forklaringar


































































































