Det hender - om ikkje så ofte - at du kjem over ein artikkel eller ei bok som set ting på plass for deg. For meg var Patrick Chabal og Jean-Pascal Daloz', Africa Works. Disorder as Political Instrument, som kom ut i 1999, ei slik bok, og ho har følgt meg sidan når det gjeld å forstå og analysere politikk og samfunn i Afrika.
Forskarar og praktikarar har lenge peika på at afrikanske land oftast ikkje er som dei ser ut, og at ein lineær tankegang, basert på vestleg politisk og økonomisk tenking, fører gale av stad i utviklingssamarbeidet. Ikkje minst gjeld det mål-middeltenkinga, der ein set opp ideelle mål for kva ein skal oppnå, og så utformar eit tilsynelatande logisk program for korleis ein skal komme dit. Det går ikkje alltid bra, og verst synest resultata å vere når det gjeld å bidra til å utvikle statleg kapasitet.
Konsekvensene
I boka Building State Capability [1]tar tre tidlegare medarbeidarar i Verdsbanken, knytte til Harvard Kennedy School, konsekvensen av at vi i utviklingsamarbeidet i stor grad har mislykkast i å byggje kapasitet i fattige land. Skular blir bygde, men elevane lærer lite. IT-system blir innførte, men ikkje brukte.
Det er ikkje noko lysteleg bilde den omfattande statistikken i boka gir. Verdsbanken kunne i 1996 slå fast at nesten alle afrikanske land hadde opplevd ein systematisk nedgang i kapasitet sidan landa vart uavhengige. Mellom 1996 og 2012 opplevde 26 av dei 32 landa med svakast kapasitet i verda at den offentlege evna til å stsyre og tilby tenester til befolkninga vart redusert. Og sjølv for eit land


































































































