VEDTAR ÅRSBUDSJETT: Universitetsstyret skal i dag mellom anna vedta eit stipulert årsbudsjett for 2019.
Foto: Martin Toft
Uniforum har tidlegare meldt at Universitetet i Oslo kan måtta skjera ned budsjettet med mellom 74 og 144 millionar kroner i årsbudsjettet for 2019. Den endelege summen er avhengig av om styret vedtar å starta renoveringa av Eilert Sundts hus i 2019 eller i 2020. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe rår universitetsstyret til å utsetja renoveringa, slikk at kuttet dermed vil bli på 74 millionar kroner i 2019.
* Les meir i Uniforum: UiO får truleg eit rammekutt på 74 mill.
Også planen om felles innkjøp av lønn-, personal- og økonomiløysingar med dei andre gamle tradisjonelle universiteta, (BOTT-samarbeidet) skal til endeleg handsaming i styremøtet. Som kjent har universitetet i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø forhandla fram ein intensjonsavtale med Direktoratet for økonomistyring om levering av ei felles løysing til dei fire universiteta.
* Les meir i Uniforum: UiO-styret behandler omstridt BOTT-forslag
Skal vedta endringar i mandatet for vitskapsomboda
Det endelege mandatet for stillingane som vitskapsombod skal også vedtakast av styret. No skal dei stemma for ei endring i mandatet. Mellom leiinga sin framlegg til endringar går eitt av dei ut på at ombodsstillinga ikkje skal lysast ut. Derimot skal omboda peikast ut av rektor etter framlegg frå det koordinerande fakultetet. Medan stillinga tidlegare var på rundt 40 prosent, kan ombodet etter det nye framlegget fungera i opptil 100 prosent stilling.
UiO-rektor Svein Stølen varsla overfor Uniforum allereie den 5. april at det ville koma endringar i mandatet. «- Det jeg er opptatt av, er å ha et helhetlig system for forskningsetikkarbeidet. Lenge har vi for eksempel bare hatt ett redelighetsutvalg på UiO, nå har vi to: Det nyopprettede Redelighetsutvalget som gjelder for Institutt for klinisk medisin, Ahus og OUS, og Forskningsetisk utvalg som gjelder for resten av UiO», sa Svein Stølen til Uniforum.
* Les meir i Uniforum: Stølen: Håper å få på plass vitenskapsombudene i 2018
Etter oppfatninga til vitskapsombodas «far», tidlegare styrerepresentant Kristian Gundersen, vil endringa gjera vitskapsomboda mindre uavhengige av leiinga enn det han hadde sett føre seg. «- En rask gjennomlesing tilsier at ombudet er svekket», sa han til Uniforum den 14. juni.
* Les meir i Uniforum: Kristian Gundersen: -Vitenskapsombudet er sterkt svekket
Skal diskutera forenkling av målstrukturen
Også regjeringa sin førespurnad om innspel til forenkling og forbetring av rammeverket for universitet og høgskular kjem opp i universitetetsstyret. Etter at styret på eit ekstraordinært møte uttalte seg kritisk om forslaget om å vurdera ein f�


































































































