Bok og bibliotek
07.06.2018
Slik lyd verset i den fengande pop-låten «Love over and over» av Kate og Anna McGarrigle. Midt i dei melodiøse rytmane kjem ei helsing til dei tre Brontë-søstrene: Emily, Anne and Charlotte.
Emily Brontë hadde vore representert på pop-listene nokre år tidlegare, med Kate Bush og «Wuthering Heights», men dette er truleg ein av dei få gongane minstesøstera Anne har vore pop. Og denne gongen er det Anne det skal handla om. Ho som nok gjorde minst ut av seg av dei tre, men som var den klart modigaste i val av tema i hovudverket sitt: The Tenant of Wildfell Hall.
«[Hos] meg er smil og tårer omtrent det samme; ingen av dem er begrenset til bestemte følelser: jeg gråter ofte når jeg er lykkelig, og smiler når jeg er trist» (Brontë: 2016: 157), seier den kvinnelege hovudpersonen til Gilbert Markham. Mr. Markham vil kunne karakteriserast som hovudpersonen i boka, sidan det er han som fortel historia, det er likevel ingen tvil om at det er Helen, også kjent som Mrs. Graham, som er vår eigentlege helt i Kvinnen på Wildfell Hall. Det er også i stoffet som er fortalt frå hennar synsvinkel, hennar dagboksnotat og brev, at boka verkeleg lev. Boka er elles særs godt omsett av Peter Fjågesund og med eit lærerikt etterord, som eg kjem attende til.
Eg dykka ned i The Tenant of Wildfell Hall denne påsken og løfta ikkje hovudet før etter tre dagar, då boka var ferdiglesen. Eg hadde leseabstinens. Kva skulle eg lese no? Heldigvis ramla eg over ei bok av Jane Austen som eg ikkje hadde lese før, Mansfield Park. Og eg vil dvele litt ved Austen, for det er interessant å kikke på Anne Brontë frå Jane Austens synsvinkel. Eg er ein stor fan av Jane Austen, og synst både bøkene og karakterane er geniale. Men dei handlar alltid om det same: korleis skal den kvinnelege hovudkarakteren bli godt gift, og såleis lukkeleg.
Gå til mediet«[Hos] meg er smil og tårer omtrent det samme; ingen av dem er begrenset til bestemte følelser: jeg gråter ofte når jeg er lykkelig, og smiler når jeg er trist» (Brontë: 2016: 157), seier den kvinnelege hovudpersonen til Gilbert Markham. Mr. Markham vil kunne karakteriserast som hovudpersonen i boka, sidan det er han som fortel historia, det er likevel ingen tvil om at det er Helen, også kjent som Mrs. Graham, som er vår eigentlege helt i Kvinnen på Wildfell Hall. Det er også i stoffet som er fortalt frå hennar synsvinkel, hennar dagboksnotat og brev, at boka verkeleg lev. Boka er elles særs godt omsett av Peter Fjågesund og med eit lærerikt etterord, som eg kjem attende til.