Bok og bibliotek
07.06.2018
Professor Dag O. Hessen er det som med eit gamalgresk ord heiter eklektikar, ein som vel ut ting, som driv med stilblanding. Han lagar medvite eller umedvite ein mikstur av likt og ulikt frå ulike tenkemåtar og fagområde, utan indre logisk samanheng. Litt biologi, ein del filosofisk spekulasjon, idéhistorie og media-oppslag i ei brokete blanding.
Undertittelen på Dag O. Hessens bok Vi - Samarbeid - fra celle til samfunn er karakteristisk for biologismen si tru på at det eksisterer ein nær, umiddelbar samanheng mellom biologi og sosiale og politiske fenomen. Vel finst det tankeretningar som undervurderer den biologiske dimensjonen ved menneskenaturen, så som eksistensialismen og postmodernismens patent «sosial konstruksjon». Men vår tid er prega av ein kraftig naturalistisk tendens til å privilegere biologiske årsaksforklaringar i ein urimeleg grad. Dette gjeld både evolusjonspsykologien, som til og med enkelte litteraturforskarar har kasta seg på, og den nymotens hjernefilosofien, som gjerne trur at den kan forklare menneskeleg åtferd og sosiale fenomen ut frå korleis hjernen er bygd opp.
Dag O. Hessen er av yrke biolog og høgt renommert, og for ein biologisk analfabet som underteikna er han interessant å lese, og han er ein driven og språkleg sett framifrå skribent. I ei tidlegare bok, gitt ut i samarbeid med Thomas Hylland Eriksen, Egoisme, skriv han eksempelvis mønstergyldig om interne forhold i sjimpansegrupper og korleis desse kan endrast ved konfliktar med andre grupper. Hovudproblemet i
Vi er at han ut frå ein hovudsakleg naturvitskapleg innstilling tar opp ei svær mengd emne innan moderne samfunnsliv, også økonomi og politikk, utan å ha relevant fagleg-metodologisk basis. Nær sagt alt muleg er med: Rykte og sosiale sanksjonar, politi og domstolsapparat, finansielle strukturar, dødsstraff, hovudjegerar på Borneo, Ayn Rand og Brochmann-utvalet. Resultatet blir uunngåeleg vilkårleg, mangt eit resonnement går over stokk og stein.
Dette inneber ikkje at Hessen i utgangspunktet stiller på lag med dogmatisk og doktrinær biologisme. Han slår fast at mennesket er den einaste dyrearten med normativ moral og han åtvarar mot antropomorfisering (menneskeleggjering) av naturhistoria. Han seier til dømes (s. 54) om forholdet mellom sjimpansar, bonoboar (dvergsjimpansar) og menneske at dei skilde lag «for 5-7 millioner år siden, og vi stammer dermed ikke fra en av disse to artene, men fra en felles stamfar for alle tre som ikke lenger eksisterer.» Men berre 14 sider seinare (s. 68) åtvarar han mot «en forestilling om at det egentlig er ganske fundamentale forskjeller mellom oss og de andre», dvs. andre dyr. Og grunngjevinga er drastisk, naturvitskapleg og biologistisk: «Ikke bare er aper nære slektninger som deler en overveldende andel av sin genetiske bagasje med oss, hjernen deres er også anatomisk sett temmelig lik vår, og mye av vår grunnleggende atferd er knyttet til varianter av signalstoffer i hjernen som man kan finne igjen i hele dyreriket, ..», i alle fall hos ryggstrengsdyr, presiserer Hessen.
I motsetning til det biologen lét til å tru, lar det seg ikkje gjere å definere menneskenaturen på denne måten. Den biologiske skilnaden mellom menneske og andre dyr er langt større enn Hessens apeanalogiar vil ha det til. Kanskje kan ein ape skape noko som liknar eit smil eller ein latter, men kan han g
Gå til medietDag O. Hessen er av yrke biolog og høgt renommert, og for ein biologisk analfabet som underteikna er han interessant å lese, og han er ein driven og språkleg sett framifrå skribent. I ei tidlegare bok, gitt ut i samarbeid med Thomas Hylland Eriksen, Egoisme, skriv han eksempelvis mønstergyldig om interne forhold i sjimpansegrupper og korleis desse kan endrast ved konfliktar med andre grupper. Hovudproblemet i