Når austtimoresarane går til valurnene for andre gong på mindre enn eit år, har det største regjeringspartiet Fretilin og veslebroren PD fått ein formidabel motstandar. Opposisjonspartia har nemleg skipa ein allianse (AMP), leia av frigjeringshelten og tidlegare statsminister og president Xanana Gusmão frå det neste største partiet CNRT. Med seg i koalisjonen har Gusmão eks-president og eks-geriljaleiar Taur Matan Ruak og partiet hans PLP og det femte og minste partiet i parlamentet, KHUNTO, som har støtte frå mange av dei unge.
Steilare fronter
Frontane har difor blitt steilare enn under valkampen i fjor. Då hadde Aust-Timor lagt bak seg to år med nasjonal samling, der dei to store partia Fretilin og CNRT i praksis delte makta mellom seg. Så då Fretilin vann valet i fjor knapt føre CNRT, håpa mange at det forsonande politiske klimaet skulle halda fram, men vi


































































































