Khrono
06.02.2018
Doktorgrad. Høgskular som blir universitet trugar ikkje profesjonserfaringa sin plass i høgare utdanning, skriv HVL-dekan Geir Anton Johansen ved HVL. I eit debattinnlegg i Bergens Tidende 29.
januaruttrykkjer kollega Joar Sande frykt for ei akademisering av høgskulane i Noreg. Mange i universitets- og høgskulesektoren i Noreg er opptekne av akademisering, men det er eit vanskeleg omgrep å ta omsyn til.
Les merI sektoren vår blir det stadig høgare krav om at meir av verksemda skal vere tufta på forsking og forskingsbasert kunnskap. Dette betyr likevel ikkje at vi gjev avkall på det profesjonsnære og arbeidslivsretta. Det er ikkje lenger slik i Noreg at eit universitet er eit universitet. Vi snakkar gjerne om dei gamle universiteta og dei nye, som tidlegare var høgskular.
Dei nye universiteta har framleis ein meir profesjonsretta profil enn dei gamle, med hovudvekt på anvendt forsking.
Utviklinga vi opplever no, er ei følgje av at vi i dag lever i eit kunnsk


































































































