Foto: Martin Toft/Uniforum
Som ansvarleg redaktør for Uniforum må eg ofte tola å få ei skjennepreike frå personar som er misnøgde med artiklar som me har publisert. Det synest eg sjølvsagt er heilt i orden, for det er ein viktig del av jobben å ta imot kritikk. Og nokre gonger har dei også rett i kritikken sin. Det er likevel svært sjeldan at nokon krev at Uniforum ikkje arbeider vidare med ein artikkel. Dessverre skjedde det før helga. Og dessverre var det UiO-rektor Ole Petter Ottersen som kravde det.
Bakgrunnen for saka var at UiO-rektor Ole Petter Ottersen i førre veke gjekk ut i bloggen sin med eit sterkt forsvar for ytringsfridomen på Universitetet i Oslo.
Forsvaret var så bra at Uniforum spurde han om å få republisera den på nettsidene våre, noko me fekk positivt svar på. I bloggartikkelen går UiO-rektor til forsvar for ytringsfridomen til stipendiaten Aksel Braanen Sterri, som er blitt kritisert for det han har sagt om folk som har Downs syndrom.
Dette er ein debatt som har gått i fleire aviser, både i Vårt Land, i Minerva og i Morgenbladet.
Uniforum-redaksjonen syntest det ville vera ei oppgåve også for UiOs