- Eg blei litt overraska over intensiteten, seier instituttleiar og økonometriprofessor Jarle Møen.
English is more efficient Haiying Jia Førsteamanuensis, NHH
Han tappar kaffi frå ein automat i det gamle Merinobygget, der Institutt for foretaksøkonomi held hus medan dei sentrale delane av skulen blir rehabilitert og bygd om. Instituttet er eitt av dei største på skulen og det eldste bedriftsøkonomiske instituttet i Noreg med cirka femti fagleg tilsette på fulltid. Møen ser fram til å komme tilbake til kontoret i høgblokka når alt er ferdig.
Det er ei anna ombygging som skaper uro i professorens indre.
- Vi har enno ikkje sett den fulle effekten av at ein heil generasjon går gjennom høgare utdanning med engelsk som det dominerande fagspråket, seier Møen, litt mørkare i det sobre austlandsmålet.
Han ruslar gjennom gangane, tilbake til kontoret med utsikt til vestlandsregnet og set seg i kontorstolen med ei diger bokhylle i ryggen. «Asset Pricing». «Forensic accounting for dummies». På ein whiteboard, som nokon kallar tavle, har sonen, mellom formlar for utrekning av eigedomsskatt, skrive ei helsing: «Hei Pappa, Kos deg med jobben. Hilsen Tore».
- Også i framtida er det viktig at vi kan ha ein levande debatt om oljefond, pensjonssystem, skatt og at offentlege utgreiingar kan skrivast på norsk, og at vi har ord og omgrep til å gjere det. Det kan høyrest svulstig ut, men debatten om fagspråket heng tett saman med debatten om utviklinga av det norske demokratiet.
Møen er optimist, ein smilande, energisk og humoristisk kontrast til dei litt sterile lokalitetane. Han meiner den parallellspråklege politikken på instituttet fungerer bra, og får ikkje understreka nok at den internasjonale delen av staben er ein uvurderleg ressurs.
Han er likevel ikkje sikker på at sonen, om han skulle hamne her ute om ein ti års tid, kjem til å gå på ein skule som vil gjere han i stand til å skrive og snakke godt om økonomi på norsk.
To be, eller ikkje vere
Men det er heller ikkje utenkeleg.
I tillegg til sine oppgåver som forskar og instituttleiar har Møen vore del av eit arbeidsutval som gjorde grunnarbeidet for nye språkpolitiske retningslinjer ved skulen. Dei vart banka gjennom tidlegare i år, rett nok farga av kompromiss.
- Vi har eit formidlingsansvar, vi har ei rolle som samfunnsaktør, og norsk er administrasjonsspråket på NHH. Det er eit samfunnsoppdrag vi må ta på alvor, seier Møen.
Kanskje handlar ikkje den store språkstriden i våre dagar om verken nynorsk eller bokmål, samnorsk eller riks. Kanskje handlar den heller ikkje om youtubifiserte tenåringar på Snap. Kanskje er det på norske universitet og høgskular, her og no, at slaget står om ordforrådet det norske samfunnet skal ha tilgjengeleg i framtida, to be, eller ikkje vere.
På NHH er 3 av 4 som blir rekrutterte til faste, faglege stillingar frå andre land. På post.doc har nær 7 av 10 utanlandsk statsborgarskap, ifølgje dei siste tilgjengelege tala.
Nasjonalt er minst ein av fire forskarar i dag utanlandske statsborgarar, ifølgje Nifu.
Truleg er talet endå høgare, gitt at tendensen er ein jamn auke, og at innsamlinga av tala til Nifus statististikk vart gjort heilt tilbake i 2014.
Ein meir oppdatert peikepinn på det internasjonale, og dermed ikkje-norskspråklege innslaget i akademia, er talet på avlagte doktorgrader i Noreg: I 2018 tok 906 norske statsborgarar og 658 utanlandske statsborgarar doktorgraden. 42 prosent var dermed utlendingar. I løpet av ein periode på ti år, frå 2009 til 2018 vart talet på utanlandske doktorandar meir enn dobla, og det var vekst innan alle fagområde.
Og då har vi ikkje repetert eit anna statistisk faktum når det gjeld arbeidet til forskarane. Berre ein av ti fagartiklar blir publiserte på norsk.
Det var kanskje ikkje heilt den retninga Stortinget såg for seg i 1917 då det gjorde vedtak om å opprette ein handelshøgskule i Noreg etter modell av den tyske modellen for handelshochschule.
Greek, nynorsk, persisk
- He's Greek, seier Ondrej Osicka.
Det er ein av kollegaene på doktorgradsstudiet som bankar på og stikk nasen innom kontoret. Sjølv er Osicka frå Tsjekkia og i Noreg på fjerde året etter at han først kom som på utveksling til Molde. Men norsk er fortsatt gresk for han.
Høyr Nahid Rezaeinia presentere seg:
- Det var intensjonen, eg tenkte at eg måtte lære norsk for bu i Noreg. Men så snart det er ein utlending i eit rom her i Nore