Det er høgare enn landssnittet, som også er alt for høgt. No bør det satsast langt meir på gode, haldbare kyr som gir mange kalvar, meiner bonden frå Hovsherad i Lund kommune i Rogaland.
Brown Swiss og NRFTalet på mjølkekyr går ned, samstundes som det er stor mangel på storfekjøt. Med den høge utrangeringsprosenten blir trenden forsterka, meiner Steinnes.
Sjølv har han satsa på å køyra to avlsliner i besetninga. Den eine består av NRF, medan den andre lina er av rasen Brown Swiss.
I lausdriftsfjøset sitt har han ei NRF-ku som er drektig med sjuande kalven, medan han har ei Brown Swiss som snart kalvar for sjette gongen.
- Eg prøver å avla og å halda på dei mest framtidsretta og haldbare NRF-dyra. I den andre halvparten av besetninga kryssar eg inn Brown Swiss.
Øyvind Steinnes har ein mjølkekvote på 297 000 liter. Talet på årskyr i besetninga er 39. Oksekalvane blir selde til liv. Overskotet av kvigekalvane blir selt til ein spesialisert kvigeoppdrettar.
Dei Beste Brown Swiss-kyrne mjølkar mellom 10 og 12 000 liter.
Mange kalvar- Målet er ei snittyting mellom 8 - 9 000 liter på heile besetninga, men med høgt innhald av feitt og protein slik at EKM-mjølkemengda ligg opp mo


































































































