Uniforum
09.04.2018
Ordføraren i Buenos Aires vil lokka fleire UiO-studentar til Argentinas hovudstad. Tango, fotball og litteratur er blant dei tinga studentane kan nyta godt av under opphaldet.
SIGNERTE AVTALE: UiO-rektor Svein Stølen og ordførar Horacio Rodriguez Larreta i Buenos Aires, skreiv under ein intensjonsavtale der dei skal samarbeida for å leggja forholda endå betre til rette for UiO-studentar som vil ta eit studieopphald i Buenos Aires.
Les merFoto: Martin Toft
Byregjeringa i Argentinas hovudstad, Buenos Aires og UiO skal i fellesskap hjelpa UiO-studentar til å få ei endå betre oppleving av studieopphaldet i millionbyen. Det går fram av ein avtale som rektor Svein Stølen og ordførar Horacio Rodriuez Larreta skreiv under på sist fredag.
I dag har Buenos Aires rundt 50 000 utanlandske studentar ved dei offentlege og private universiteta i byen.
- No har me ambisjonar om å dobla det talet fram til 2021, stadf