Fontene forskning
12.06.2018
Sosialantropologen Viggo Vestel har skrive boka I gråsonen. Ungdom og politisk ekstremisme i det nye Norge.
Boka sitt overordna formål er å kaste lys over om, kvifor og korleis ungdom i Norge utviklar ei tilknyting til ekstreme politiske haldningar og miljø. Særleg blir det lagt vekt på å få fram kva som motiverer til å gå i slike retningar.
Eit sentralt analytisk utgangspunkt er Roger Griffiths framstilling av tre stadium i radikaliseringsprosessar: 1) Nomisk krise, der samfunnet ikkje lenger klarer å gi ei fungerande orientering til individa, det kan skape ei kjensle av samanbrot i ein ønskt orden. 2) Splitting av eit mekanisk verdsbilete som særleg gjeld ei forenkla førestilling om oss og dei andre, men også mellom indre, moralske krav skilt frå den ytre verda sine løysingar. Det kan skape ei førestilling om «vi» som handlar moralsk rett i eit samfunn som går i feil retning. 3) Radikaliseringsprosessen går så langt at vold mot fiendar og samfunn faktisk kan legitimerast - ja, i ytste fall som heilag handling. Denne modellen blir ikkje halden fram som sanninga, men lagt til grunn for analysar og diskusjonar i denne omfattande boka.
BOKA PRESENTERER to omfattande kapittel som på ein svært grundig måte tar sikte på å dokumentere og beskrive to ytterleggåande landskap i Norge: Det høgreytterleggåande landskapet (kapittel 3) og det yt
Les opprinnelig artikkelEit sentralt analytisk utgangspunkt er Roger Griffiths framstilling av tre stadium i radikaliseringsprosessar: 1) Nomisk krise, der samfunnet ikkje lenger klarer å gi ei fungerande orientering til individa, det kan skape ei kjensle av samanbrot i ein ønskt orden. 2) Splitting av eit mekanisk verdsbilete som særleg gjeld ei forenkla førestilling om oss og dei andre, men også mellom indre, moralske krav skilt frå den ytre verda sine løysingar. Det kan skape ei førestilling om «vi» som handlar moralsk rett i eit samfunn som går i feil retning. 3) Radikaliseringsprosessen går så langt at vold mot fiendar og samfunn faktisk kan legitimerast - ja, i ytste fall som heilag handling. Denne modellen blir ikkje halden fram som sanninga, men lagt til grunn for analysar og diskusjonar i denne omfattande boka.
BOKA PRESENTERER to omfattande kapittel som på ein svært grundig måte tar sikte på å dokumentere og beskrive to ytterleggåande landskap i Norge: Det høgreytterleggåande landskapet (kapittel 3) og det yt