Khrono
04.09.2023
Situasjonen er alvorleg for akademia om vi ikkje klarer å diskutere. Ein kan finne to lærdomar i debatten om Kalvig-saka, skriv Svein Tuastad i dette avsluttande innlegget.
I dag er somme saker så konfliktfylte at mange er redde for å uttrykke si ærlege meining, også i akademia. I NRK-debatten 27. januar 2022 stod det betente temaet om kjønnsidentitet på dagsordenen, og partar som stod langt frå kvarandre, var inviterte. Det vart eit godt og opplysande ordskifte. Kvifor fekk Fredrik Solvang til å få diskutert det vanskelege temaet på ein opplysande måte - medan debatten som har vore i Khrono, så raskt spora av?
Les merSituasjonen er alvorleg for akademia om vi ikkje klarer å diskutere. Det frie og opne ytringsrommet er ein del av eksistensgrunnlaget vårt. I staden for å bruke tid og krefter på det som tidvis er mistydingar, burde vi snakke om korleis det kan etablerast eit godt ytringsrom i vanskelege debattar. Dette trur eg er eit felles mål, om eg forstår debatten og innlegga eg kort skal ref


































































































