Det var smekkfullt i Domus Bibliotheca i sentrum då UiO før helga inviterte til debatt om president- og parlamentsvalet i Tyrkia sundag 14. mai. NRKs tidlegare Tyrkia-korrespondent Sidsel Wold og Einar Wigen, professor i Tyrkia-studier på UiO, delte tankar og analysar om kva som kan skje i Tyrkia etter valet.
Den sitjande presidenten Recep Tayyip Erdogan har hatt makta i over 20 år, først som statsminister og deretter som president med utvida fullmakter. No stiller han opp på nytt for Folkealliansen med AKP og Nasjonalrørslepartiet.og håpar på å bli valt til president for fem nye år.
Motkandidaten Kemal Kiliçdaroglu, leiar for Det republikanske folkepartiet står i brodden for ein allianse på seks opposisjonsparti der hans eige parti er det største. Elles utgjer alliansen parti frå venstresida til sentrum-liberale parti og til og med eit lite islamistisk parti. Det kurdiske partiet HDP støttar alliansen utan å vera ein del av den.
- Skjønar no at det står svært mykje på spel
Professor Einar Wigen trur Kemal Kiliçdaroglu vil få problem med å halda saman denne alliansen gjennom ein valperiode.
- Dilemmaet er kor fort Kiliçdaroglu vil koma seg ut av den problematiske situasjonen der han skal gjeta fem kattar samtidig i ei koalisjonsregjering, sa Wigen.
TYRKIA: Einar Wigen, professor i Tyrkia-studier ved UiO, og NRKs tidlegare Tyrkia-korrespondent, Sidsel Wold samtalte om framtidsutsiktene for Tyrkia etter president- og parlamentsvalet sundag 14. mai. (Foto: Martin Toft)
Etter eit innspel frå NRK-journalist Sidsel Wold som peika på Tyrkias dårlege erfaringar med koalisjonsregjeringar, gav han henne heilt rett i det.
- Det var Erdogans største salsargument då han kom til makta i 2002. Men om du ser på veljardemografien i Tyrkia, så er dei fleste tyrkarar fødde etter 1980, så dei har lite minne om 1990-talet. Dei har større problem med denne maktkonsentrasjonen, peika Wigen på.
Sjølv trudde han at hovudpersonane i alliansen til Kiliçdaroglu vil leggja problema seg i mellom til side for å få ei best mogleg styring av landet og at det ikkje ville bli som på 1990-talet.
- Eg trur dei skjønar no at det står


































































































