STOLT: Som ansvarleg redaktør er eg stolt over den dekninga Uniforum har utført i den omtalte saka ved Oslo universitetssykehus. Det er meir overraskande at ikkje fleire aviser prøver å fylgja OUS litt tettare i korta, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft,
Foto: Mahlum
I eit lesarbrev frå 24. mars brukar Oslo universitetssykehus' advokat Arne Moland storslegga mot Uniforums dekning av ei rettssak mot sjukehuset. Skuldingane er både usanne og usaklege, og derfor vil eg tilbakevisa påstandane punkt for punkt.
Uniforum begynte å interessera seg for forholda til dei tilsette ved Oslo universitetssykehus, etter at forskingsstiftinga FAFO i fjor la fram rapporten sin om arbeidsmiljøet og ytringsklimaet ved sjukehuset. Me fekk kjennskap til fleire konfliktsaker der kvinnelege ph.d.-kandidatar hadde hamna i trøbbel med professorkollegaer eller andre overordna.
Når me valde å skriva om akkurat den saka som det nyleg fall dom i i Oslo tingrett, har det å gjera med at den unge forskaren både ville stilla opp i intervju, og fordi ho hadde hatt mot til å varsla sak mot mastodonten Oslo universitetssykehus. Samtidig hadde Uniforum ein unik sjanse til å vera i stades i retten for også å høyra motparten sitt syn. Derfor gjorde me eit redaksjonelt val om at avisa ville dekkja denne saka grundig. Det har me også gjort, og begge sider har slept til, slik at det har blitt ei balansert dekning.
Nettopp av den grunn er det lett å tilbakevisa påstandane frå OUS-advokat Arne Moland i lesarbrevet han sende oss


































































































