I oktober vart den unge urfolksleiaren og radiojournalisten María Efigenia Vásquez Astudillo skoten då opprørspolitiet gjekk til angrep på ein urfolksprotest. Hundrevis av medlemmer av Kokonoku-samfunnet hadde gjennom fleire månadar freista å «frigjere Moder jord». Dei okkuperer land dei meiner høyrer til Kokonuko-folket. Men opprørspolitiet gjekk til valdsamt angrep med tåregass. Det vart skote med skarpt.
María Efigenia Vásquez Astudillo vart drepen av to kuler - den eine gjekk inn gjennom ryggen, fortel helsearbeidarar på sjukehuset i Popayan. Ho var berre 31 år då ho døydde.
Urfolksorganisasjonen CRIC skriv at María Efigenia var «ei kvinne frå enkle kår, smilande, velutdanna, engasjert i arbeid for bygda si, og mor til tre born som ho lærte å glede seg over livet». FLIP, organisasjonen for pressefridom i Colombia, protesterte mot drapet og kravde full etterforsking. Men det skapte lite tillit då det vart kjent at ei anna avdeling av politiet skal gjennomføre etterforskinga.
Politiet nektar for at dei bruker skytevåpen mot uvæpna demonstratar. Men aktivistar har allereie spreidd filmklipp på nettet som skal vise at opprørspolitiet hadde skytevåpen då dei gjekk til åtak mot demonstrantane.
Håp om ei fredfylt framtid
Få stadar har vore så hardt råka av krigen som nettopp Caldono i Cauca. Og Cauca er framleis særskilt utsett for vald. Vegen til Caldono stig langsamt opp gjennom grøne dalsider og glid stille innom landsbyar yrande av liv. Varleg vender kvardagen attende til smågrendene i dalsidene. I Siria har dei jamvel byrja å bygge nye småhus på stadar der det før berre stod ruinar.
- Ingen ville ha funne på å byggje akkurat der, forklarar Martin Vidal og peikar i retning av det som nyleg berre var restar av eit hus. Det var før. Men no byggjer dei nytt.
- Sidan det er nabotomta til politistasjonen, kunne ingen bu der. Kvar gong FARC gjekk til åtak, måtte alle flykte, legg han til.
- Me har ikkje tal på kor mange gongar geriljaen gjekk til åtak, fortel X, som er leiar av ein av dei lokale organisasjonane for krigsoffer og som me her vel å gjere anonym av omsyn til tryggleiken. Det byrja gjerne ved morgongry, skyting og bombing med tunge våpen. Bombekastarar eller bilbomber. Deretter kunne snikskytarar gjere det ulevelig i mange dagar. Hundrevis av menneske vart drepne her i distriktet, og tusenvis måtte flykte, seier ho.
Styresmaktene meiner å vite at FARC gjorde minst 348 væpna angrep i kommunen Caldono i løpet av krigen. Men no rår det altså ein slags vaktsam optimisme i fjellsidene i Cauca.
Men alt er ikkje som det burde vere. Ei ettertenksam stille senker seg då me spør om freden no har kome til Caldono.
- Nei, fred er det i alle fall ikkje, slår Andres Almendras fast.
Almendras er leiar for det øvste rådet for urfolksorganisasjonar i den nordlege regionen av Cauca. Men våpna har dempa seg, legg han til. Det er mindre open krigføring, meir stille enn før. Men den sosiale situasjonen er framleis den same. Diverre er det slik at andre grupper og kriminelle bandar veks i området. Difor vert så mange drepne, legg han til, endå fleire no enn før.
Vanskeleg å vite sikkert kor mange som er drepne
Redaksjonsrådet («Consejo De Redacción»), som minner om den norske «Faktasjekktjenesten» Faktisk.no, har undersøkte drapa på organisasjonsleiarar. Dei kom fram til at minst 16 leiarar vart drepne frå januar til juli berre i nordområda av Cauca. I fylgje ColombiaCheck, vart like mange leiarar drepne dei fyrste seks månadane i 2017 som i heile 2016. Men ColombiaCheck viser også kor vanskeleg det er å finne påliteleg informasjon om slike saker. Ifylgje El índice Global de Impunidad 2017, i to av tre tilfelle av drap på menneskerettsaktivistar i Colombia, får ein aldri vite kven som står bak. Ulike paramilitære organisasjonar står bak den største delen av dei resterande drapa, men også FARC og ELN blir skulda for fleire ti-tals drap i perioden etter 2009. Sjølv om


































































































