Khrono
11.05.2023
Universitetet i Bergen har gått inn i ein ny, europeisk universitetsallianse. Styremedlem Steinar Vagstad er skeptisk.
Vil medlemskap i ein universitetsallianse gjera forskingssamarbeid med forskarar og institusjonar utanfor alliansen vanskelegare? Det fryktar Steinar Vagstad, medlem i universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) og professor i samfunnsøkonomi.
Les mer- Me står i fare for å tapa grådig mykje meir enn me vinn. Me må tuta med ulvane og vera med i den alliansen me får lov til, sa Vagstad.
Droppa ut
Saka handla om at UiB har gått inn i universitetsalliansen CHARM-EU. Som Khrono har skrive, er det no 44 europeiske universitetsalliansar som får støtte gjennom EU-systemet. Ni norske universitet er med i slike.
UiB har tidlegare vore med i alliansen Arqus, men valde hausten 2021 å ikkje verta med inn i ein ny fireårsperiode.
- Med bakgrunn i at UiB ikkje i tilstrekkeleg grad deler dei langsiktige perspektiva i Arqus-alliansen, valde UiB å


































































































