AddToAny

Universitetet som måtte dra i eksil

Det sentraleuropeiske universitet i Budapest valde å flytta til Wien. Grunnen var at den ungarske regjeringa ville nekta universitetet retten til å dela ut vitnemål til studentar i Ungarn. Uniforum har besøkt det gamle hovudkvarteret.
Budapest, Ungarn:

I 2017 var det store demonstrasjonar i Budapest til støtte for Det sentraleuropeiske universitetet (Central European University/CEU). Då prøvde regjeringa å strupa universitetet som dei meinte var ein reiskap for den superrike amerikanske velgjeraren George Soros, som opphavleg kjem frå Ungarn. Gjennom å endra det juridiske regelverket, slik at berre universitet som var registrerte innanfor EU kunne dela ut vitnemål til studentar i Ungarn, prøvde regjeringa å pressa Det sentraleuropeiske universitetet ut av landet. For CEU var registrert i USA, men ikkje under jurisdiksjon av den føderale regjeringa. Derfor måtte delstatsregjeringa i New York forhandla med den ungarske regjeringa om situasjonen til CEU.

Etter at dei hadde kome fram til eit utkast til ein avtale, nekta Ungarns regjering å skriva under på avtalen. Det førte til at universitetet ikkje lenger kunne tilby bachelor- eller masterprogram til studentar i Ungarn og heller ikkje kunne dela ut vitnemål til dei.

90 prosent av dei offentlege universiteta i Ungarn har samtidig blitt omorganiserte til stiftingar med eigne styre med medlemar som er politisk oppnemnde av regjeringa til Viktor Orban. Nokre er også blitt privatiserte, og har styre med medlemar som er lojale til regjeringa.

Trass i den store støtta frå innbyggjarane i Budapest, blei det så vanskeleg for Det sentraleuropeiske universitetet å vera der at leiinga bestemte seg for å flytta heile institusjonen til Wien. Dit pendlar no både tidlegare prorektor Zsolt Enyedi og noverande prorektor Éva Fodor ein gong i veka for å undervisa studentane sine, for dei vil halda fram med å bu fast i Budapest. I vår møtte Uniforum dei to universitetsleiarane for å høyra meir om korleis situasjonen er for dei og Det sentraleuropeiske universitetet.

Zsolt Enyedi var prorektor for CEU i dei turbulente åra mellom 2016 og 2021. Statsvitskapsprofessoren har framleis kontor i den forlatne hovudbygningen til universitetet i sentrum av Budapest, og no er han knytt til forskingssenteret CEU Democracy Institute. Bygningen tilhøyrer framleis universitetet.

- Det er altså mogleg å overleva på den måten

MANGE AKTIVITETAR; - Det administrative personalet vårt arbeider framleis her. Og me har også etablert forskingsinstituttet CEU Democracy Institute.. Slik prøver me å halda i gang så mange aktivitetar som mogleg, seier tidlegare prorektor Zsolt Enyedi ved Det sentraleuropeiske universitetet (Foto: Ola Gamst Sæther)

For Zsolt Enyedi er det tøft å pendla til Wien for å kunna halda førelesingar.

- Nokre individ pendlar, eg er ein av dei, men mange andre av kollegaene mine måtte flytta på seg, selja bustaden sin i Budapest og starta eit nytt liv i Wien, fortel han.

- Kor ofte drar du sjølv til Wien?

- Minst ein gong i veka for eg må vera der tre dagar kvar veke sidan eg underviser.

- Korleis er det for deg å føra eit slikt pendlarliv?

- Det er ikkje særleg godt. Togturen tar tre timar kvar veg. For meg er det mogleg å jobba på toget, så lenge medpassasjerane ikkje bråkar for mykje. Problemet er at me må kryssa ei grense, og under covid-pandemien blei det ei verkeleg grense. Men det er langt verre for dei som kjører eigen bil. I tog legg ein nesten ikkje merke til det, sidan pendlinga skjer innanfor EU, seier han.

Men det er ikkje de

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt