Uniforum
06.11.2020
Dei utvida koronatiltaka i Oslo fører til at UiO stengjer både Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum. Også alle arrangement som ikkje har å gjera med undervisning, blir avlyste.
Oslo kommune gjorde det i dag kjent at det blir innført endå strengare koronatiltak i hovudstaden. I tillegg til at det blir full skjenkestans, blir også nesten alle kulturinstitusjonar stengde.
Les merBotanisk hage skal vera open
Universitetet i Oslo har i ettermiddag tatt konsekvensen av det, og har derfor bestemt seg for å stengja både Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum frå måndag.
- Botanisk hage skal haldast open. Kulturhistorisk museum har i praksis vore stengt dei siste vekene på grunn av vektarstreiken. Det får derfor størst konsekvensar for Naturhistorisk museum, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum.
Avlyser arrangement