Panorama Nyheter
23.06.2021
MENINGER: I 2021 er det 20 år sidan Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid) starta med gjensidig utveksling. I desse 20 åra har vi målretta fokusert på unge under 35. Kvifor er det så viktig, spør Jan Olav Baarøy og Dag-Inge Ulstein.
Å ta ungdom på alvor handlar om å gje dei ei stemme og faktisk lytte.
Les mer60 prosent av befolkninga i Afrika er under 25 år, mot 30 prosent på verdsbasis. Kvart år står ti millionar nye unge menneske klare for arbeidsmarknaden, men berre tre av ti får seg jobb. Sju millionar unge - som sjølv får eineansvar for å skaffe seg eit levebrød og ei framtid.
I store delar av verda vert unge ekskludert frå arbeidslivet. Dei kjem sjeldan til ordet i nasjonale avgjerdsprosessar, og hamnar bakarst i køen på arbeidsmarknaden. Paradoksalt nok er dei betre utdanna enn nokon gong, men toppar likevel statistikkane innan arbeidsløyse og underrepresentasjon. Den unge stemma druknar lett, i støyen frå erfaringstunge kollegaer.
Utveksling gir eit karrie