Eitt år etter Russlands invasjon av Ukraina har menneskerettsorganisasjonen Center for Civil Liberties (CCL) dokumentert 33 417 krigsbrotsverk av russiske soldatar på ukrainsk jord. Leiaren for organisasjonen, nobelprisvinnar Oleksandra Romantsova ynskjer at dei som står bak skal etterforskast, arresterast og stillast for Den internasjonale straffedomstolen i Haag.
- Russlands president Vladimir Putin må i fengsel saman med dei andre politiske leiarane som står bak og støttar krigen mot Ukraina, og som er ansvarlege for krigsbrotsverka, sa ho i innlegget sitt på eit seminar om Ukraina i UiOs Domus Bibliotheca. Møtet blei arrangert av Nobels fredssenter og Ukrainas ambassade.
Vil ha hungerkatastrofen Holodomor erkjent som eit folkemord
Både fredsprisvinnaren og charges d'affaires Liliia Honcharevych ved Ukrainas ambassade vil ha Noregs støtte i arbeidet med å få hungersnauden Holodomor i Ukraina i 1932-33 karakterisert som eit folkemord. Mellom 3 og 4 millionar ukrainarar døydde som ein konsekvens av ein tragedie som dei meiner det dåverande Sovjetunionen og arvtakarregimet i dagens Russland var ansvarlege for.
Stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde (FrP) er medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen og lova i panelsamtalen etterpå å ta saka opp i Stortinget.
- Forsvarar både demokratiet og dei felles samfunnsverdiane våre
Statssekretær Astrid Bergmål (Ap) i Justis- og politidepartementet nemnde i sitt innlegg ikkje den saka. Derimot lova ho full støtte i arbeidet med å stilla alle dei ansvarlege for krigsbr