AddToAny

UiO vil truleg krevja opptil ein halv million i studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits

Studentar frå land utanfor EØS og Sveits må betala frå 500 000 til 130 000 kroner i årleg studieavgift på UiO frå studieåret 2023/24. Dei dyraste studia blir medisin og odontologi.
Det går fram av eit forslag Universitetsstyret skal ta stilling til på tysdag.

Det var i desember i fjor fleirtalet i Stortinget stemte for budsjettforslaget frå regjeringa om at universitet og høgskular skulle krevja inn studieavgifter frå studentar utanfor EØS og Sveits. Samtidig fekk universiteta og høgskulane mindre i overføringar frå Kunnskapsdepartementet enn det dei hadde fått tidlegare. For UiO utgjorde kuttet 12,8 millionar kroner i 2023, og det vil auka til 51 millionar kroner når det slår ut for fullt i 2025, heiter det i bakgrunnsnotatet til Universitetsstyret.

Både Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet i Tromsø har i fellesskap koordinert prisfastsetjinga for dei ulike faga på både lågare og høgare grad.

På tysdag kjem forslaget til studieavgifter på dei ulike fagkategoriane på bordet til Universitetsstyret.

Det viser at studentar frå land utanfor EØS og Sveits må betala opptil 500 000 kroner i året for å gå på medisin- eller odontologi-studiet på UiO. Studentar frå Universitetet i Beograd i Serbia og Kings s College i Storbritannia som er med i Circle U-samarbeidet, vil derimot sleppa å betala.

Også britiske statsborgarar som har nytta seg av retten til fri rørsle før overgangsperioden gjekk ut 31.desember 2020, får unntak på grunn av separasjonsavtalen med Storbritannia,, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret.

Dette er prislista Universitetsstyret blir bede om å vedta:

Studium i kategori A - 500.000 per år (profesjonsutdanningane i medisin og odontologi)

Studium i kategori B - 380.000 per år (profesjonsutdanningar i psykologi og farmasi)

Studiium i kategori C - 260.000 per år (realfag og teknologi på høgare grads nivå)

Studium i kategori D - 180.000 per år (fag på høgare grads

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt