Uniforum
29.03.2023
UiO-leiinga vil ha eitt ekstra kjønnspoeng for menn i opptaket på profesjonsstudiet i psykologi i fire nye år. Det blir vist til at prosentdelen menn på kulla har auka frå 21 til 29 etter innføringa av ekstrapoenget i 2019.
Rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen har sendt eit brev til Kunnskapsdepartementet der det går fram at UiO søkjer om å føra vidare ordninga med eitt poeng ekstra for mannlege søkjarar til profesjonsstudiet i psykologi. I brevet som Uniforum har fått innsyn i, viser dei til at i 2022 var 33 prosent av studentane som kom inn på studiet menn, medan talet hadde vore på 23 prosent utan kjønnspoenget. Ordninga blei først innført frå og med opptaket i 2019.
Les merNaudsynt å føra vidare tiltak
Dei to UiO-toppane trekkjer fram at medan menn utgjorde 21 prosent av studentkulla på profesjonsstudiet i psykologi mellom 2014 og 2018, var dette talet auka til 29 prosent for kulla mellom 2019 og 2022. «Dette aktualiserer behovet for å halde fram med tilleggspoeng for menn ved opptak. UiO har evaluert ordninga og meine