Då universitetsstyret i går drøfta desse planane, poengterte styrerepresentant Olav Gjelsvik at dette kanskje også kunne ha negative konsekvensar:
- Eg er redd for at det kan bli ghettoaktig på den staden, sjølv om det er bra at den er i nærleiken av UiO, sa Olav Gjelsvik.
Både Olav Gjelsvik og resten av universitetsstyret drøfta i går inngåande ei utgreiing frå Eigedomsavdelinga om forskarbustadordninga. Den inneheld eit tredelt forslag:
Sal?
Den første delen går ut på at ordninga skal utvidast ved å selja dei bustadene som UiO eig i dag. Samtidig skal det inngåast avtale med ein profesjonell bustadutleigar om leige av dei bustadene som UiO har bruk for til internasjonale forskarar.
Forskarbustadblokk
Det blir også føreslege å inngå ein avtale med utbyggjar om å byggja ei forskarbustadblokk på tomta til Parkseksjonen ved Blindern stasjon. Eit sal av forskarbustadene kan gi ei inntekt på 150 millionar kroner, i fylgje sakspapira.
Pengane skal mellom anna finansiera nye lokale for Parkseksjonen, men også vidare rehabilitering av Historisk museum eller fasadane på Rosselands hus, står det i bakgrunnsdokumenta.
Dialog med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus
Den andre delen av forslaget går ut på at universitetsstyret bestemm