Uniforum møter postdoktoren på kontoret i 11 etasje i Eilert Sundts hus. Der forskar han på vekstteori, arbeidsdynamikkar, ulikskap, teknologisk endring og dei sosiale kostnadane ved karbonutslepp.
Politisk og universitetspolitisk ballast frå Sverige
Før Danial Ali Akbari kom til Universitetet i Oslo, var han både stipendiat og student ved Lunds universitet i Sverige. Dit kom han med bakgrunn frå Karlstad og Shiraz i Iran. Han drar også med seg både politisk og universitetspolitisk ballast frå nabolandet. Både verv i Miljøpartiet og i instituttstyret ved Økonomisk institutt ved Lunds universitet og verv for doktorstudentar er ein del av porteføljen hans. På Universitetet i Oslo er han 2. vararepresentant til fakultetstyret på SV.
- Eg har erfaring med studentliv, eg har hatt plass i styret, også for organisasjonen for doktorstudentar i Sverige. Der har eg bidrege til at kollektive avgjerder blei tatt. Det går an å påverka. Og dessutan, og eg håpar det ikkje høyrest ut som skryt; Eg har evna til å driva fram saker, også der det kanskje finst motstand, der det er ubehagelege saker, og på det punktet trur eg at eg har noko å koma med, seier han.
Vil redusera talet på mellombels vitskaplege tilsette
- Og kva saker frå Lunds universitet kan du ha med som inspirasjon inn i Universitetsstyret til UiO?
-Eg har berre vore her i litt over eitt år, eg har tatt nokre kurs her, og eg har forsøkt å setja meg inn i korleis kollektive avgjerder blir tatt i Noreg, Det er mange likskapar, og eg kjenner igjen


































































































