Alle som tok ordet på Zoom-møtet i universitetsstyret tykte utkastet til innspel til stortingsmeldinga om styringspolitikk var eit godt dokument. Dei kjente seg også igjen i formuleringane og kunne stå for det som stod i det 20 sider lange dokumentet.
Rektor Svein Stølen var også svært nøgd.
- Det me kan prøva å gjera noko med, er å få det ned til 15 sider, meinte han.
- Det ville vore endå betre om me klarte å få dokumentet ned til 12 sider, men eg synest det er blitt veldig bra, sa Olav Gjelsvik som er representant for dei faste vitskaplege tilsette. Men han hadde bete seg merke i ein bestemt del av utkastet til innspel når det gjeld finansiering av forsking.
- Det er rett som det er peika på, at det det blir publisert svært mange artiklar, truleg altfor mange, og det er skadeleg for dei vitskaplege institusjonane, meinte han.
- Lyder litt uklart
Ekstern representant Qaisar Farooq Akram greip tak i punktet som går ut på at det må bli mindre mål- og resultatstyring og meir formål- og utviklingsstyring på univ


































































































