Uniforum
20.06.2023
UiO får ein ny språkpolitikk frå byrjinga av neste år. Men først skal det utnemnast ei arbeidsgruppe som skal koma med eit utkast.
I dag vedtok Universitetsstyret samrøystes forslaget om å utnemna ei arbeidsgruppe som skal koma med framlegg til ny språkpolitikk. I februar neste år skal Universitetsstyret vedta ein ny språkpolitikk for UiO. Dermed fekk fleire styremedlemar gjennomslag for eit forslag dei kom med i førre møte.
Les merEtter den føreslåtte planen, skal ei arbeidsgruppe med representasjon frå tilsette, studentar og eksterne utnemnast i løpet av denne månaden. Frå juni til oktober skal gruppa utvikla framlegg til ny språkpolitikk, og framlegget skal etter planen vera på bordet den 31. oktober.
Kritikk av knapp tidsfrist
Akkurat fristen om å levera inn eit framlegg allereie den 31. oktober, tykte fleire styreme


































































































