Det var fredag 5. mai Universitetsstyret var samla for mellom anna å diskutera ny språkpolitikk for Universitetet i Oslo. Den blei presentert som ei informasjonssak og rektor Svein Stølen opna denne delen av møtet med ein kort gjennomgang av universitet i inn- og utland som hadde innført ein språkpolitikk som UiO kunne henta lærdom frå.
- Eg har sjølv vore på kurs i akademisk engelsk
Nasjonalt viste han til Universitetet i Bergen og NTNU, og internasjonalt til Københavns Universitetet og Universitetet i Amsterdam.
- Me vil først og fremst leggja til rette for ein diskusjon og høyra på dykkar synspunkt, sa Svein Stølen. Han meinte også at det var viktig å stilla krav til dei faste tilsette sin språkkompetanse, også engelskkompetanse.
- Eg har sjølv vore på kurs i akademisk engelsk. Det som likevel har vekt mest merksemd er kravet til faste utanlandske vitskaplege tilsette om å læra seg norsk, la han til.
I bakgrunnsnotatet til UiO-styret vert det vist til at UiO har eit parallellspråkleg arbeids- og studiemiljø. I tillegg har UiO ansvar for fornying og formidling av kunnskap om det norske samfunnet og om norsk språk, historie og natur, står det.
Vil ha ferdig ein ny språkpolitikk f�


































































































