Uniforum
02.12.2020
Studentane på UiO klarte seg i hovudsak godt gjennom koronakrisa våren 2020. Det viser ei undersøking som 9500 studentar har svart på.
Den 12. mars i år gav statsminister Erna Solberg beskjed til alle studentar om å dra frå lesesalane og auditoria og omskulera seg til ei tid med berre digital undervisning. Også dei alle fleste universitetslærarane og forskarane på UiO blei bedne om å jobba heimanfrå, så sant det var praktisk mogleg. Ein unntakstilstand som folk rekna med ville vera over etter to veker, varte fram til slutten av mai.
Les merFørst då kunne studentane sakte, men sikkert venda tilbake til laboratorieundervisning, lesesalar og auditorium på Universitetet i Oslo. UiO nytta høvet til å senda eit spørjeskjema til alle studentane på UiO for å høyra korleis dei hadde takla koronatiltaka med mellom anna digital undervisning og fråvær av kontakt med medstudentar og lærarar.
I prosjektgruppa for studentundersøkinga UiO sat Gunn Enli, Knut Inge Fostervold, Sten Ludvigsen, Bjørn Stensaker og Helge I. St