AddToAny

UiO støttar nye opptakskrav, men vil halda på realfags- og språkpoeng

UiO støttar forslaget om å oppretta ein rangerande opptaksprøve retta mot søkjarar med eit grunnlag som ikkje kan utreknast i poeng, og mot dei som ynskjer å betra rangeringsposisjonen sin.
Men forslaget om å fjerna realfags- og språkpoeng er UiO ueinig i.

Det går fram av UiOs endelege høyringsuttale til Opptaksutvalets utgreiing om det framtidige opptakssystemet i Noreg. No er det sendt over til Kunnskapsdepartementet etter at rektor Svein Stølen fekk fullmakt frå Universitetsstyret til å skriva ferdig høyringsuttalen på grunnlag av diskusjusjonane i styret tysdag 7. mars.

Les meir:

Det var i den 1. desember i fjor utvalsleiar Marianne Aasen kunne overlevera rapporten frå Opptaksutvalet til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. I rapporten "Veier inn - ny modell for opptak til unversiteter og høyskoler" føreslår fleirtalet av utvalet mange radikale grep for å endra dagens opptakssystem for høgare utdanning.

Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote skal erstattast med éin karakterkvote der alle konkurrerer med karakterane frå den første gongen faga blei bestått. Denne kvota skal gjelda 80 prosent av studieplassane.

Utvalet peikar på at karakterar frå vidaregåande har sterk samanheng med gjennomføring i høgare utdanning, og er ein effektiv og enkel måte å rangera på. 20 prosent av studieplassane skal reserverast til dei søkjarane som treng ein ny sjanse, og som må ta den standardiserte opptaksprøven.

Den 9. mars var fristen institusjonane fekk for å senda inn høyringsuttalar til rapporten.

UiO ber i den endelege uttalen om at institusjonane får autonomi til sjølve å fastsetja bestemte opptakskrav, mellom anna når det gjeld krav for realkompetansesøkjarar, supplerande rangeringskriterium og fordelinga av storleik mellom karakterkvote og opptaksprøvekvote på dei ulike studia. Det blir vist til at institusjonane har ulik profil og innretting.

Risikabelt

Men når det gjeld forslaget om å fjerna realfags- og språkpoeng utan ei grundig utgreiing av konsekvensane, meiner UiO det framstår som risikabelt. Derfor føreslår universitetet at det bør vurderast om poenga skal behaldast i ein

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt