- Viktig for oss å delta
Rektor Svein Stølen har ingen problem med å forsvara den sterke satsinga UiO gjer for å vera synleg på Arendalsuka.
- Mange viktige debattar vet tekne i Arendal den veka. Derfor er det viktig for oss å delta, slik at forskarane våre bidrar til at den offentlege samtalen blir basert på forsking og fakta. Eit av samfunnsoppdraga våre er å vera i dialog med ulike delar av samfunnet, og å bidra til ein faktabasert offentleg samtale, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.
Han peikar på den viktige rolla forskarane frå UiO har under Arendalsuka.
- Under Arendalsuka er det dei engasjerte forskarane våre som tar initiativ til viktige tema for debatt. UiO har over 2000 opne arrangement årleg. I løpet av denne veka i Arendal bidrar me med 25, samtidig som me blir inviterte til å delta i debattar andre arrangerer. Slik deltar me i den politiske og offe