UiO-rektor Svein Stølen skal saman med Oslo-ordførar Marianne Borgen stå for den offisielle opninga.
- Det er eit fantastisk viktig arrangement for Universitetet i Oslo. Det blir opning i Oslo rådhus og premieseremoniar i Konserthuset. Me gler oss til dette, seier Svein Stølen til Uniforum.
- Viktigare med språkkompetanse
For at alle deltakarane skal få eit best mogleg opphald og best mogleg inntrykk av Oslo og Universitetet i Oslo, vil UiO no ha tak i studentar.
- Akkurat som alle andre store arrangement som OL og VM, treng me vertar. Me vil gjerne at studentar som ser ein moglegheit i dette, melder seg. For dette er ei morosam oppgåve, der dei får vera med på hotell, på arrangementa og å hjelpa desse deltakarane. Og dei treng ikkje kunna matematikk. Det er viktiga