- Ingen blei dømde for drap
UiO-professor i medisin Mahmood Amiry-Moghaddam er leiar for Iran Human Rights, og han fylgjer nøye med på situasjonen i Iran og har sett på bakgrunnen for dei fire dødsdommane.
- Dei blei dømde for det dei iranske styresmaktene kallar for "Moharebeh" som vil seia krig mot gud og for å spreia frykt blant folk eller «korrupsjon på jorda", og for å ha deltatt i protestane. Ved to tilfelle blei to medlemar av basidj-militsen drepne, og i eitt tilfelle blei ein basidj-milits såra. Så ingen av dei blei dømde for drap, fortel han til Unifrum.
Dei siste avrettingane har ikkje stansa demonstrasjonane, derimot har dei kome i gang igjen med like stor intensitet som før.
- Fryktbarrieren er rast saman
Mahmood Amiry-Moghaddam meiner dei siste demonstrasjonane skil seg radikalt frå tidlegare protestar mot makthavarane i Iran.
- Det har aldri skjedd noko liknande i dei 17 åra Iran Human Rights har eksistert. Som dagleg leiar overvakar me situasjonen dagleg.På den eine sida ser me at den fryktbarrieren som regimet hadde styrt på i alle desse åra, den er rast saman. Folk er ikkje redde lenger. Fleirtalet av folket i Iran ynskjer ikkje berre eit regimeskifte, men også grunnleggjande menneskerettar som dei aldri nokon gong har hatt. På den andre sida prøver regimet å halda på makta og brukar alle verkemiddel for å gjera det.


































































































