Uniforum
12.06.2023
UiO skal arrangera opptaksprøve for ukrainske ungdommar som vil søkja seg inn på høgare utdanning i heimlandet. - Det er fint å kunna leggja til rette, seier studiedirektør Hanna Ekeli.
Det var for ein månad sidan UiO fekk ein førespurnad frå Kunnskapsdepartementet om det var mogleg å organisera opptaksprøve for ukrainske ungdommar i Noreg. Og det skjedde etter ein førespurnad frå Ukrainas ambassade i Noreg. Det opplyser studiedirektør Hanna Ekeli til Uniforum. Dei unge det gjeld bur som flyktningar i Noreg, og dei vil søkja opptak på bachelorstudiet på universitet og høgskular i Ukraina.
Les mer- I den perioden det gjeld i juni er alle eksamenar over for studentane på UiO. Derfor kan me også bruka eksamenslokala i Silurveien til dette, fortel Ekeli.
- Det er fint
- Kva ressursar vil UiO bruka på dette?
- Folk frå IT-avdelinga til UiO skal rigga dette til i samarbeid med Ukrainas ambassade. Og dei unge


































































































