Uniforum
23.03.2023
I dag opna viserektor Mette Halskov Hansen og masterstudent Toril Finnbråten Grønt kontor på UiO. - Det skal gjera både universitetet og studentane meir berekraftige, seier Toril Finnbråten.
Det var stappfullt i dei sentralt plasserte lokala i første etasje i Frederikkebygningen, då viserektor Mette Halskov Hansen og student Torill Finnbråten klipte over snora og opna Grønt kontor.
Les merTil stades var også direktør for UiO:Energi og miljø, Vebjørn Bakken, viserektor for utdanning, Bjørn Stensaker og leiar for Studentparlamentet, Oline Sæther. Under opninga fekk rundt 40 personar plass i lokala som til dagleg skal driftast av åtte studentkoordinatorar frå UiO. Dei vil ha kontortid kvar dag mellom 10.00 og 14.00.
NYE IDEAR: Nokre studentar presenterte nye grøne idear på oppslagstavla til Grønt kontor. (Foto: Ola Gamst Sæther)
- Meir berekraftige
Torill Finnbråten er masterstudent ved Senter for utvikling og miljø og har praksis gjennom eit internship på Grønt kontor.
- Dette studentdrivne ko


































































































