Uniforum
09.04.2021
Universitetet i Oslo skåra flest publiseringspoeng i Noreg i 2020. NTNU ligg like bak, medan det er eit stort sprang ned til Universitetet i Bergen på tredjeplass.
I 2020 blei det gjort publikasjonar ved norske universitet og høgskular som svarar til 29 325 publieringspoeng, melder. Tala er basert på innmelde publikasjonar i Cristin, og poengutrekninga tar utgangspunkt i nivåplasseringa til publiseringskanalen. Desse tala blir melde inn til Kunnskapsdepartementet som også brukar dei når dei skal avgjerda tildeling av pengar til institusjonane.
Les merDei fire tradisjonelle universiteta gjer det enno best
Universitetet i Oslo skåra til saman 6806,7 publiseringspoeng i 2020. Det viser dei oppdaterte tala frå. Forskarar ved NTNU produserte 6544,2 publiseringspoeng, og gjorde at heimeinstitusjonen deira kom like bak. Universitetet i Bergen produserte til saman 3669, publiseingspoeng i fjor. Universitetet i Tromsø kom på fjerdeplass når det gjeld produksjon av publiseringspoeng, medan Universitetet i Stavanger og OsloMet-storbyuniversitet kom på høvesvis femte- og sjetteplass.
Høgast prosentdel kvinner bidrar på UiO og NMBU
Universitetet i Oslo h