Universiteta skal i fellesskap under leiing av Universitetet i Oslo søkja om å bli ein pilot for det europeiske universitetsinitiativet, European University Initiative.
Det europeiske universitetsinitiativet skal bidra til fred og auka konkurransekraft for Europa. Det skal skje gjennom auka utveksling og integrering av studieprogram universiteta i mellom, står det på nettsidene til EU-kommisjonen.. I utlysinga av pilotprosjektet vert universiteta også oppfordra til å gå endå lenger enn dei utdanningsprogramma dei tilbyr i dag, gjer. Målet er at rundt 20 universitet skal få bera merkelappen «European University». Det skal bli ein av berebjelkane i etableringa av eit europeisk utdanningsområde; European Education Area.
Fire av rektorane ved dei sju universiteta deltok også på møtet på Universitetet i Oslo rett før helga. Det var UiO-rektor Svein Stølen, rektor for UC Louvain University i Belgia, Vincent Blundel, rektor ved Aarhus Universitet Brian Bech-Nielsen og rektor ved Universtiy of Paris, Francoise Moulin-Civil. Uniforum hadde ein prat med dei fire i Professorboligen i sent