Uniforum
21.09.2023
- Det er ein stor dag å vera rektor, sa Svein Stølen då forskingssenteret Senter for Planetær Beboelighet blei offisielt opna i går. Og senterdirektørane Trond H.
Torsvik og Stephanie C. Werner fekk samtidig utdelt skiltet som viser at det er eit senter for framifrå forsking.
Les merDen 1. juli starta Senter for Planetær Beboelighet ved Institutt for geofag opp i ZEB-bygningen. Men opningsmarkeringa venta dei med til dei fekk rom til å gjera det hos Vitskapsakademiet i Drammensveien. Det rommet opna seg onsdag 20. september. Då kunne senterdirektør Trond H. Torsvik ynskja innbedne gjester velkomne til eit seminar om både noverande og framtidige romeventyr.
Brukar jorda som modell for ein planet der det er mogleg å bu
Hovudmålet til senteret er å finna ut kva føresetnader som er dei viktigaste for at det skal vera mogleg å bu på ein planet. På nettsidene til senteret peikar dei på at jorda er den einaste planeten me kjenner der liv har utvikla seg. Her