Uniforum
15.05.2017
Kjemioppvising og Jørn Hurums dinosaurar var populært hos barna, medan Åsne Seierstad og Sunniva Rose trekte dei godt vaksne til UiO-festivalen på Universitetsplassen i helga.
SJOKALADEKANON: Kjemiforskarane fyrte av ei kanon med sjokolade på Universitetsplassen. Det var populært blant eit ungt publikum.
Les merFoto: Anders Lien /UiO
Barneopera, kjemioppvising med sjokoladekanon, foredrag om Russland, film om Jihad og samtaler om unge jenter frå Noreg som blir med i IS. Det var berre ein liten del av det som stod på programmet under UiO-festivalen i Oslo sentrum i helga.
Aulaen blei kino
Universitetets aula blei brukt som kinolokale under vising av dokumentarfilmen Jihad. Filmen som er heidra med ein Emmy-pris, er laga av den norske filmskaparen Deeyah Khan, som fekk tildelt UiOs menneskerettspris i 2015.
IKKJE REDD: - Eg orkar ikkje å vera redd lenger. Livet er for kort til det, sa filmskaparen Deeyah Khan til Anne Grosvold etter visinga av dokumentarfilmen "Jihad". (Foto: Anders Lien /UiO)
Etter filmvisinga var