Khrono
21.09.2021
Universitetet i Bergen kjem best ut av norske utdanningsinstitusjonar og er blant dei flinkaste i verda til å samarbeide.
Skal ein tru den EU-baserte rangeringa U-Multirank, som analyserer høgare utdanning ved rundt 2000 institusjonar verda over, er Universitetet i Bergen (UiB) blant dei aller flinkaste i verda til å samhandle og samarbeide internasjonalt og med aktørar utanfor universitetet.
Les merSamarbeid (collaboration) er ein eigen kategori som i år for første gong er tatt inn i U-Multirank-rangeringa.
UiB er blant dei 25 beste i verda til å samarbeide, ifølgje rangeringa. Ingen andre norske institusjonar er inne på denne lista.
- Motivasjonen vår er ikkje driven av ranking, men av at vi ynskjer å legge til rette for sterk forsking, og då er internasjon